Om oss

Velkomen til Osterøy Kafe

Midt på vakre Osterøy finn du ein kafe full av sjarm, varme og ekte matglede. Her handlar alt om gode smakar, trivelege folk og den lunaste stemninga på øya.

Svitlana gir deg positiv energi og di daglege dose koffein med eit smil som smittar. Katrine kan lage mat for heile Osterøy utan å blunka, og Andreas, som er utdanna kokk, veit nøyaktig korleis kombinasjonen av smak og presentasjon skal sitja.

Me gjer Osterøy søtare – både med kaker, bollar og alt anna godt som kjem ut frå kjøkkenet vårt. Me har ofte noko nytt og spanande i disken, så det er alltid verdt å ta turen innom for å sjå kva som ventar.

Osterøy Kafe er ein stad for både store og små, for prat, kvil og noko godt å eta. Me utviklar oss heile tida og tilpassar oss menneska på Osterøy – og turistane som stikk innom for eit lite stykke lokal hygge.

Og hugs: Me har bollar du aldri har fått nokon annan stad!

Osterøy Kafe

Fotlandsvegen 5 5282 Lonevåg, Norway
453 51 789
post@osteroykafe.no